Tveit og Dagros gjennom 50 år

Tveit og Dagros gjennom 50 år

Skrevet av: Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS.

Tveit Regnskap fyller 50 år – og for ei rivande utvikling det har vore. Ikkje berre for Tveit, men også bonden. I dette jubileumsinnlegget ser me tilbake på 50 fine år saman med Tveit og Dagros. 

E-faktura og mjølkerobot

Når underteikna la ut på sine første steg i Tveit i 1998, hadde firma allereie rukke å blitt 29 år. Dette var ei trygg tid – det meste var framleis på papir og skattemeldinga heitte framleis sjølvangivelse (for et ufyse ord eigentleg – tenk å angi seg sjølv…)

I dag går ofte fakturaen digitalt frå fakturaprogrammet og rett inn i økonomisystemet, utan at verken rekneskapsføraren eller kunden treng gjer anna enn å godkjenne og betale. Jobben for meg som tilsett i Tveit er blitt vridd frå registrering – til overvaking og godkjenning, og deretter oppfølging og rådgjeving ovanfor kunden.

Også for Dagros og bonden var slutten av nittitalet ei anna tid. Var ein stor som bonde hadde ein gjerne 100 tusen i mjølkekvote, og Dagros hadde 15-16 systrer – som på den tida stod på bås.

Både Dagros og bonden hadde høyrt om mjølkerobot, men dette var noko dei galningane i Danmark eller på Jæren dreiv med. I dag derimot er det ikkje uvanleg at både små – og mellomstore mjølkebruk har egen mjølkerobot.

Frå 2 til 215 tilsette

Både Tveit og Dagros har møtt ei rivande utvikling på kor mange som er med på laget. Gjennom vekst, utviding og oppkjøp er Tveit no komen opp i totalt 215 tilsette. Smått imponerande frå den spede start tilbake i 1969, då Jarle og Marit Tveit starta opp i «løå på Lie». Frå å vera ein avdeling lokalisert i Skjold i Vindafjord, har Tveit i dag heile 18 avdelingskontor spreidd over Sørlandet, Vestlandet og no også i Oslo.

Om ikkje i akkurat i same takt, har Dagros òg utvikla seg. Frå 15-16 søstrer i fjøsen, er ein i dag  gjerne oppe i 40-60 søstrer når ein tenkjer nybygg til mjølk. Og på same viset som eigarane i Tveit har hatt vilje til å utvikle seg og skape vekst, finn ein att det same kjenneteiknet på den moderne bonden. Han set seg sine mål, og legg stein på stein mot dei. Vår jobb som rekneskapsførarar og rådgjevarar i Tveit er å snu på desse steinane saman med han.

Fagleg tyngde og godt humør gjennom 50 år

Ja, det er viktig å være endringsvillig i denne bransjen. Som Jarle Tveit mange gonger har poengtert, var det nok nettopp innføring av moms’n i 1970 som sette fart i veksten til Tveit. Før den tid kunne ein nok enklare ordne rekneskap og skjema sjølv – men med momsen blei det heile litt meir komplisert.

Med tida har fokuset i Tveit vridd seg. Moms, skatt og skjema ligg framleis i botn – men dette er blitt mykje automatisert, sjølvbeteningssystem som t.d. Visma eAccounting veks fram. Tveit må fornye seg å tenkje nytt, og i dag er dette nedfelt i visjonen til Tveit: «Tveit skal vera ein moderne, kompetent og engasjert samarbeidspartnar som skal gi auka lønsemd for deg som kunde – dette gjennom fagleg tyngde og godt humør».

Med blikket retta framover

Tradisjonelt har Tveit og rekneskapsbransjen sett bakover, nå vil me hjelpe kundane å sjå framover – og ved bruk av moderne verktøy vise kva grep ein må setje inn, og måle resultata i sanntid. Enten ein driv som maskinentrepenør, snekker eller bonde – detaljane betyr så mykje meir enn før.

I saman med kunden tenkjer me snu steinane slik at desse detaljane blir best, og på det viset skape den beste veksten og innteninga.