Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket 2022

Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket 2022

Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS

Skattbar næringsinntekt etter avskriving viste ein solid oppgang frå 2021 til 2022, inntekta steig i snitt med 119.000 kr til 588.000 kr pr. bruk. Etter renter vart auken kr 97.000.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.900 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk med normalt mellom eitt til to årsverk –  som har hovudinntekta si frå jordbruket.

Hovudtrekk frå 2022:

  • Den solide auken i 2021 varer ved i 2022.
  • Mjølk- og svin er bærebjelken, og her var auken størst.
  • Kostnadsvekst.
  • Stabilt klima – god vekstsesong
  • Noko av auken er inntekt på papiret, og ligg ikkje nødvendigvis på konto..

Mjølk og storfè

  • Venta nedgang, snudd til oppgang
  • Godt innanlands sal gav grunnlag for vekst i DB
    • 39.000 pr. ku / 5,61 pr. liter
    • Mjølkepris opp 47 øre, til 6,69 kr/l. God etterbetaling.
    • Stigande pris på slakt storfè.
    • Auka pris på kunstgjødsel og kraftfôr.
  • DB pr. liter mjølk auka med 1,5 kr pr. liter på 3 år (40 %)
  • Styrka lønsemd storfekjøttprodusentar med ammeku
    • DB ammeku opp 17 %, men berre 1800 kr pr. ku.

Griseprodusenten

  • «All-time-high» DB på 593 kr pr. gris + 117 kr.
  • Oppgang på 307 kr pr. gris på 3 år – dobling, utgjer 600.000 kr for ei konsesjonsbesetning.
  • Stort volum på gris gir store utslag på totaløkonomien. Sårbar for svingningar i marknaden.
  • Kostbart å fornye driftsapparat, nytt slaktegrisfjøs kostar for 10-12 mill kr og då trengst minst 593 i DB pr. slaktegris.

Sauekjøtet

  • Stabilt år for sauebonden. Dekningsbidrag pr. sau var på same nivå som året før, 1.059 kr mot 1.041 kr året før.
  • Sauenæringa er ei «politisk næring» avhengig av tilskot for å sikre lønsemd.
  • Tilskot pr. sau opp med 200 kr til 1700 kr pr. sau.

Tilskot

  • Politisk bestemt at bondeinntekta bør hevast, og mykje av dette må koma via tilskot.
  • Tilskot gjekk i 2022 opp med 15-20 % pr. bruk.
  • Ekstraordinært tilskot utbetalt på hausten for å dekke kostnadsvekst.

Faste kostnadar

  • Denne generelle kostnadsveksten i samfunnet råkar bonden og. Men gjerne endå sterkare hjå dei som satsar – byggeindeks mykje opp.
  • Stor auke i energikostnader: t.d. diesel og straum.

Investering og finans

  • Stabil rente siste 5-10 år, stigande i 2022 og 1-2 % opp.
  • Gjennomsnittsbonden har 3,4 mill. kr i gjeld, 90-100.000 kr i auka renter sidan botnnivå
  • Litt mindre investering i bygningar – 137.000 pr. bruk, nedgang på om lag 1.400 kr i snitt.
  • Medan investeringa i maskinar gjekk opp 15.000 kr, til 185.000 kr pr. bruk.

Oppsummering og kikk i glasskula..

Haugalandsbonden har opplevd eit solid løft i inntekt dei to siste åra, eit sårt tiltrengt løft. Dels har auken kome frå styrte prosessar som auke i tilskot m.m., men mykje kan nok tilskrivast ein ekstraordinær stabil marknad grunna korona-pandemien. For 2022 kan nok gjerne litt av auken kallast «papirinntekt», men uansett gler me oss over bonden si auke i inntekt. Utanom Trygve Hegnar er det vel få som misunner bonden denne auken.. Det bør òg understrekast at bonden jobbar vesentleg meir enn eit årsverk (1750 timar) for å hente denne inntekta.

Men ting har en tendens til å snu, og alt i dag ser ein faktorar som peikar litt feil veg… Aukande matprisar, saman med renteheving har slått hardt inn i lommeboka til Ola Nordmann – dette har snutt markanden frå under- til overproduksjon i dei fleste av produksjonane. Fryselagra bognar av biff og bacon, dette lageret er det bonden sjølv som må koste, når dette slår seg saman med kostnadsveksten syner det raskt på botnlinja…

Oppsummert vil eg sei at 2022 var eit etterlengta lysglimt, 2023 kan sjå noko meir skoddete ut – men likevel vel eg å ha trua…; siste års uro i Europa har sett fokus på matvaretryggleik og beredskap – dette gagnar den norske bonden!

 

Ønskjer du å sjå meir frå pressemeldinga, så finn du fullstendige utgåve her: Pressemelding inntektsutvikling Haugalandsjordbruket 2022