Inntektsutvikling Haugalandsjordbruket, 2019

Inntektsutvikling Haugalandsjordbruket, 2019

Av: Andreas Lundegård

Skattbar næringsinntekt etter avskriving viste ei lita oppgang, kr 5.900 kr frå 2018 til 2019. Dette syner dei endelege gjennomsnittstala frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 213 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.700 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.

Stagnasjon…

Medan jordbruksinntekta viste eit etterlengta løft i perioden 2013 til 2017, såg ein ei ganske markant nedgang i 2018. Mykje av dette skuldast regn og tørke i 2017/2018.

2019 var eit år der fleire av produksjonane tar seg litt att etter «uåret» 2018, men totalt sett ein stagnasjon i høve åra føre…

Hovudtrekk frå 2019:

· Innteninga på ku, gris og sau tek seg litt opp
· Men auka kostnader stel mykje av auken, slik at botnlinja blir ganske uendra…
· Eit godt fôrår

Mjølkebonden

Haugalandet er «grasland» og då har mjølkekua blitt hovudsysla for Haugalandsbonden. Og innteninga her speglar i stor grad stoda reint økonomisk. I 2019 steig innteninga pr. ku med 1.200 kr i snitt, kvar bonde hadde i snitt 28 kyr – noko som isolert sett tilsvarer 34.000 kr i styrka dekningsbidrag – dekningsbidraget går til dekning av faste kostnader, renter og inntening til bonden. Både inntekta frå mjølk og kjøt var stabil, samtidig bidrog eit godt fôrår til mindre grovfôrkostnad. For 2019 såg ein ei svak nedgang i mjølkepris (2 øre pr. liter), til kr 5,89 kr/liter. I snitt mjølkar kvar ku 7.391 mjølkekartongar pr. år…

I eit 10-års perspektiv har besetningsstorleiken i snitt auka med 33 %. I same periode har mjølkeleveransen auka frå 130 til 206 tonn i snitt pr. gard.

Iveren etter å sikre seg ei framtid innan mjølk er framleis stor, i snitt investerer kvar enkelt bonde snaut 22.000 kr i kjøp av mjølkekvote – prisen ligg ofte på 16-17 kr liter eller 1,5-1,6 for dei som vel å leige kvota av andre bønder.

Storfèbonden som ikkje driv med mjølk har enten oksar til oppfôring eller driv med ammekyr. Innteninga i desse produksjonane var lenge svak, og styresmaktene gjorde grep for å styrke innteninga. Noko som gav positive utslag, og ein såg lenge ei årleg vekst i dekningsbidrag på 600-800 kr pr. okse eller ammeku. Men dette snudde litt i 2018, då auka fôrkostnader m.m. senka innteninga – denne trenden har diverre fortsett inn i 2019. DB pr. okse gjekk ned med om lag 450 kr, og snaut 500 kr pr. ammeku. Dette er litt urovekkande sett i lys av at mange har investert for å satse på ammeku dei siste åra. I snitt ligg innteninga pr. ammeku på 1/3 av ei mjølkeku, investeringskostnaden er ofte ikkje så ulik…

Griseprodusenten

Grisebonden har over ei tid slite med overproduksjon, noko som pressa innteninga i 2017 og 2018. Overproduksjon sleit òg næringa med i 2019, men stoda betra seg noko. Dette kombinert med ein meir produktiv gris og noko lågare fôrkostnader gjorde at innteninga styrka seg litt. DB pr. slaktegris auka med 28 kr – snittbonden har 1.100 slaktegrisar pr. år – noko som isolert sett gir ei auke i dekningsbidrag på 31.000 kr. Kombinertprodusenten (bøndene som har purker og fôrar opp grisane sjølv) auka innteninga med 2.300 kr pr. purke. Desse har i snitt 48 purker.

Sauekjøtet

Sauenæringa har dei 2-3 siste åra vore i ubalanse, dette grunna føregåande overetablering. Bøndene har bydd meir kjøt enn det marknaden har etterspurd. Spesielt kjøt frå vaksne dyr har vore lite etterspurt og utbetalingsprisen har blitt pressa – stoda har vore noko betre for lammekjøt. 2019 viste litt betring, media hadde fokus på stort lager av sauekjøt som enda som hundemat m.m. Dette betra marknaden noko – men det er for tidleg å friskmelde sauenæringa heilt. DB pr. sau gjekk i snitt opp med 83 kr til 706 kr pr. sau. I snitt har kvar sauebonde 72 vinterfôra sau – auken utgjer såleis snaut 6.000 kr. Sauenæringa er framleis ein viktig del av distriktsjordbruket, og er med å halde kulturlandskapet i hevd.

Faste kostnader

Bilete over viser i stor grad ei auka inntening i produksjonane, kvifor sit ikkje bonden att med meir enn 5.000-6.000 kr i auke på botnlinja???? Svaret ligg i dei faste kostnadane… Pris på straum, drivstoff, driftsmidlar, handtverkar og andre tenester stig – og dette et av lasset, og gjer at bondeinntekta snarare stagnerer enn ekspanderer…

Investering og finans

Innanlands rentenivå har dei siste 10 åra vore ganske stabilt, styringsrenta frå Norges bank har ligge stabilt under 2 % – noko som tilsvarer eit rentenivå på 3-4 % for meg og deg som bankkunde. Temperaturen i norsk økonomi i 2019 gjorde at Norges bank såg behov for å bremse noko på veksten, slik at styringsrenta vart sett opp 3 gonger i 2019. Dette slo òg ut på rentekostnadane hjå bøndene på Haugalandet. I snitt har Haugalandbonden ei gjeld på om lag 3,5 mill. kr, noko som gir ein snitt rentekostnad på 113.000 kr pr. bruk – rentekostnaden er opp 16.000 kr. Dvs. at auka rentekostnader sluker heile veksten i inntekt…

Investeringslysta er ganske stabilt. Investeringane i bygningar går rett nok litt ned (12.000 kr), men historisk ligg ein på eit høgt nivå. Maskininvesteringane er òg jamne – 194.000 kr pr. bruk – opp 32.000 frå året før. Det er framleis investering innan mjølkeproduksjonen som sysselset entreprenørane, det vert investert mindre i sau og gris. Dette har samanheng med svak marknad/økonomi på sau og gris. Investeringsbehovet på gris er nok aukande – etter ein lengre periode utan særleg nybygg eller utbygging. Både grisnæringa og dei andre næringane har offentlege krav hengande over som òg vil påverke investeringsbudsjetta framover.

Glaskula

Det kan vera utfordrande og risikabelt å kikke inn i glaskula og sjå framover… Men kula for 2020 er rimeleg klar – pandemi og Covid-19 har endra kvardagen for Ola Nordmann. Me har tilbringt helgar og feriar i heimlandet, og ete middagen heime. Dette har endra marknaden markant for bonden. Etterspurnad etter både mjølk og kjøt har endra seg – dei fleste lagre er tomme og bøndene blir bedne om å produsere mest det dei maktar… Dette vil nok truleg òg slå ut på pengeboka til bonden – likeeins ei rente nær null… Gjerne er dei langsiktige bekymringane om mjølkevolum som skal ned m.m. grunnlause… Den som er god på glaskula har svaret…

Ønskjer du å sjå meir frå pressemeldinga, så finn du fullstendige utgåve her: Pressemelding inntektsutvikling 2019 Haugalandsjordbruket