Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket

Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket

Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS.

Skattbar næringsinntekt før avskriving viste ein oppgang på 5.200 kr frå 2016 til 2017. Dette syner dei endelege gjennomsnittstala frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 211 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.700 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.

Det går opp og det går ned…

Medan bondestanden hadde ei positiv utvikling i inntening i perioden 2013 til 2015, har kurva flata
litt ut dei siste to åra. 2016 viste ein liten nedgang, og 2017 ein liten oppgang. Både mjølk og
storfèkjøt held fram den positive utviklinga – medan ein på gris og sau såg ei meir tråare utvikling og inntekta gjekk ned.

Resepten på å gi bøndene ei god inntening er såre enkel, men dog så vrien å oppnå; produser akkurat nok eller helst litt mindre enn det marknaden etterspør. Overproduksjon pressar utbetalingsprisen til bonden og tilhøyrande inntening. For gris og sau produserte bøndene meir enn det marknaden greidde svelge unna, og ein såg ei noko svakare inntening i 2017.

2017 var det året det aldri slutta regna… Eit klimavanskeleg år slo nok òg inn i økonomien hjå enkelte Haugalandsbønder.

Hovudtrekk frå 2017:

¤     Balanse i marknaden og gode prisar gav grei utvikling for mjølke- og storfebonden.
¤     For mykje gris og sau pressa økonomien hjå svine- og sauebonden.
¤     Regn og vått…

Mjølkebonden
Som mange andre stader er mjølkekua drivaren, og bærebjelken i økonomien. Den oppgangen ein registrerer i inntekt kan nok i stor grad tilskrivast at mjølkebonden har hatt noko betre kår. Betre mjølkepris og høgare utbetalingspris på storfèkjøt slo positivt ut. Mjølkeprisen auka 15 øre i høve fjoråret. I snitt produsert kvar ku 7125 mjølkekartongar, og bonden fekk 5,93 kr pr. liter. Dekningsbidrag pr. ku enda på 31.200 kr pr. ku.

Det er framleis iver etter å auke mjølkeproduksjonen rundt om på kvar einskild gard. Prisen er framleis høg for å kjøpe kvote, ofte 15-16 kr pr. liter – og leigeprisar på 1,5 kr/liter er ikkje uvanleg.

Det har vore jamn underdekning av storfèkjøt dei siste åra, noko som har gitt rom for å utvikle næringa. Storparten av storfekjøtet kjem framleis frå mjølkebuskapane, men ein ser ein sterk vekst i talet på reine ammekuprodusentar. Dette er bønder som kunn driv med kjøttproduksjon på kua, og ikkje produserer mjølk. Dekningsbidrag pr. ammeku enda på 9.000 kr pr. ku, mot 7.900 kr året før. For rein oppfôring av okse gjekk db opp frå 7.500 kr til 7.700 kr. Mykje av auken ein ser på storfèkjøt skriv seg frå prisauke, og dels kvalitetstilskot på slakt som vart styrka i landbruksoppgjeret 2016/2017. Både i 2016 og 2017 var det stor aktivitet på nybygg til ammeku, denne veksten bremsa noko utover i 2017. Frykten for overetablering, og ein noko utfordrande innhaustings- og beitesesong bremsa gjerne iveren. Ein liten pust i bakken er sikkert lurt, slik at ein ikkje går i «sauefella»… Men det er framleis plass for utviding for dei som har ressursgrunnlaget på bruket på plass.

Griseprodusenten
Som nemnt innleiingsvis var 2017 noko utfordrande for grisebonden. Dekningsbidraget pr. slaktegris gjekk ned med 12 % til 310 kr pr. gris (frå 354 kr i 2016). Snitt produsenten leverer snautt 1.000 slaktegris i året – og nedgangen tilsvarer såleis isolert sett kr 44.000 pr. bonde. For dei som kun produserer livgrisar (smågris) enda DB pr. purke på 11.800 kr, ned 1.700 kr i høve 2016. Jamnt over har desse større produksjon pr. gard, og med snitt på 107 purker blir nedgangen på om lag 180.000 Gris er tradisjonelt ein produksjon som har kastar godt av seg, og mange grisebønder tener framleis greitt med pengar på gris. Men ytterlegare forverring av overproduksjonen slik ein har sett utover i 2018 vil absolutt påverka innteninga hjå dei fleste.

Sauekjøtet
Sauenæringa opplevde ei etterlengta løft i inntening i 2014 og 2015, men ting butta noko meir mot i 2016 – og dette har vedvart i 2017. Forklaringa er enkel; optimismen var for stor i toppåra og det var gitt for mykje gass på utviding og nyetablering – og med tida vart det for mykje sauekjøt i butikkane. Den norske landbruksmodellen er retta mot å forsyne eigen marknad, vert det for mykje greier ein ikkje å konkurrere mot verdsmarknaden. Kjøtet må då handterast i eigen marknad, og vert det for mykje pressar dette pris. 2017 er eit eksempel på dette… Prisen til bonden gjekk ned, og oppnådd dekningsbidrag vart pressa. Etter tilskot gjekk DB ned med over 400 kr, til 1780 kr pr. sau. Isolert sett ein nedgang på 22 % – noko som er mykje på eitt år. I snitt har kvar Haugalandsbonde 72 sau.

Liks med grisen, må næringa finne ein måte å balansere produksjon/etterspurnad – det er einaste vegen for styrka innteninga.

 Investering og finans
Haugalandsbonden har hatt ei jamt god investeringslyst dei siste åra, og denne har vore forankra i den inntektsvekst ein har sett. Investeringslysta har vore stabil på bygningssida – desse investeringane er gjerne litt meir langsiktige. I snitt blei det bygd for 140.000 kr pr. bruk, ein oppgang på 11.000 kr i høve året før. På maskinsida investerer ein gjerne litt meir på kortare horisont, og litt meir etter «dagsformen»… Og gjerne har ein dårleg vèrsesong m.m. gjort at ein har bremsa noko på maskininvesteringane. I snitt blei det kjøpt maskinar for 131.000 kr pr. bruk, ein nedgang på 28.000 kr frå 2016. Investering i sau- og grisefjos har stoppa meir eller mindre opp, medan det framleis vert reist ammeku- og mjølkefjos. Investeringsiveren må òg finansierast – og som i resten av samfunnet skjer det ofte med opptak av ny gjeld. I snitt auka lånebyrda med 49.000 kr pr. bruk – til eit snitt på 2,9 mill. kr pr. bruk. Som ein har vore inne på tidlegare år finn ein grunn til å understreka opplåninga har vore aukande. På dei 10 siste åra har ein meir enn dobla opplåninga pr. bruk – frå 1,2 mill. kr i 2007 til 2,9 mill. kr i 2017. Gjeldbyrda pr. bruk er ikkje urovekkande hjå Haugalandsbonden, men auken har gjort ein meir sårbar for vekst i utlånsrenta. Sentralbanken har bebuda auke i renta framover, og spesielt for nyetablerte må ein vera obs. I snitt betalte bøndene 87.000 kr i rente. Låg rente har òg «trigga» den vekst ein har sett på investering dei siste åra.

Inntekt utanom bruket enda på 370.000 kr, noko som er ei nedgang i høve fjoråret på snaut 6.000 kr.

I sum peika pilene både litt opp og ned for Haugalandsbonden, men sett under eitt: ganske greitt _ 2017 var rotbløytas år, og med vårsola i mai kom 2018’s sommartørke… Me lyt vente i spenning og sjå kva kalkulatoren gir av bodskap når inneverande år vert summert opp…

Sjå full pressemelding med tal og statistikk her: Pressemelding inntektsutvikling 2017 Haugalandsjordbruket