«All-time-high» for Haugalandsbonden!

«All-time-high» for Haugalandsbonden!

Pressemelding:

«All-time-high» for Haugalandsbonden!
Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.500 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på eit knippe av desse bruka. Det spesielle med dette talmaterialet er at det er faktiske tal frå rekneskapet, og ikkje eit kalkulert bilete av den økonomiske utviklinga!

Vedlagt statistikk avgrensar seg til ein analyse av økonomien/dekningsbidraget i dei ulike produksjonane bonden har.

Historisk god utvikling

Den solide utviklinga frå 2014 held fram i 2015, dei fleste produksjonane styrkjer lønsemda. Men spesielt grisen skil seg ut, men mjølkebøndene hadde òg ei bra utvikling.

På gris er det marknadsbalansen som gjer det meste av svaret på oppgangen. Er det samsvar mellom utbod og etterspurnad på svinekjøtet gir det som regel god økonomi for bonden. Oppgangen hjå mjølkebøndene skriv seg i stor grad frå ein styrka mjølkepris. På same tid var kostnadsbilete nokolunde stabilt i dei fleste produksjonar.

Mjølkebonden

For mjølkebonden er det hovudsakeleg betre mjølkepris som gjer utslaget, og ein ser ein oppgang på heile 35 øre i høve fjoråret. Av denne oppgangen var 8 øre bestemt i jordbruksoppgjeret (som såkalla målprisoppgang), resterande skriv seg frå høg etterbetaling frå meieria og dels flinkare bønder. I snitt låg mjølkesprisen 5,68 kr pr. liter, berre dei to siste åra er dette ein oppgang på 63 øre – og i eit 5 års perspektiv ein oppgang på 1 kr pr. liter. Dekningsbidraget pr. liter har i same periode stige med 70 øre pr. liter, og enda på 3,86 kr pr. liter i 2015. Kan denne oppgangen, saman med heving av kvotetaket og auka byggeaktivitet, forklare noko av den auke ein ser i etterspurnaden etter mjølkekvotar. I 2015 vart mjølkekvotane omsett for mellom 8-9 kr pr. liter, i 2016 ser ein prisar opp mot 16 kr pr. liter (i Rogaland). Ut frå ein bedriftsøkonomisk ståstad stiller ein spørsmålsteikn kor berekraftig dette er, og gjerne er det marknadskreftene som rår meir enn kalkulatoren..??
I snitt leverte Haugalandsbonden 180.000 liter mjølk pr. bruk, og har 25 kyr på båsen, dette òg ein relativt tydeleg vekst.

Storfèkjøtet opplevde ein noko meir moderat vekst, dekningsbidrag pr. ammeku gjekk opp med snautt 1000 kr pr. ku – og for reine oppfôringseiningar auka dekningsbidraget pr. okse med 940 kr til kr 7160 pr. stk.

Griseprodusenten

Grisebøndene opplevde at marknaden snudde i 2014 og andre halvår var bra økonomisk. Denne trenden haldt fram i 2015, med god etterspurnad etter gris og stigande utbetalingsprisar. Resultata ein oppnådde i 2015 må kunne beskrivast som historisk gode – oppgang målt i dekningsbidrag er på mellom 30-40 % for alle driftsgreiner. Hovudårsaka til oppgangen må tilskrivast balanse i marknaden for svinekjøt, men i tillegg blir den norske grisen meir og meir effektiv – det vert produsert meir kjøt (fleire grisungar) pr. purke enn kva ein gjorde tidlegare. Dekningsbidrag pr. slaktegris gjekk opp med 30 % til kr 374 pr. gris, medan dekningsbidrag pr. purke i smågrisproduksjon gjekk opp med snautt

40 % til kr 14177 pr. purke. For ein gjennomsnittleg Haugalandsbonde med 1000 slaktegris utgjer denne oppgangen 81.000 kr, eller om lag 350.000 kr for ein smågris produsent. Men truleg er toppen nådd for griseprodusentane, det er utsikter til noko meir overproduksjon i 2016 – noko som slår ut på prisar og lønsemd.

Sauekjøtet

Sauenæringa opplevde eit etterlengta løft i 2014, denne utviklinga kan ein måle vidare i 2015 – men det kan sjå ut til at veksten har flata noko ut. Dekningsbidraget pr. sau enda på 767 kr pr. vfs., opp 46 kr i høve året før. Snitt utbetalingspris gjekk opp 1,15 kr, til kr 59,15 kr/kg. Produksjon pr. sau var litt høgare enn året før – som òg var eit år med gode haustvekter på lamma. Beitesesongen vart noko spesiell i 2015, med ein kald og sein vår – med mykje snø i fjellet i tillegg. Men mykje snø i fjellet gjorde òg sitt til at ein hadde gode fjellbeiter fram til slaktesesongen. I snitt har Haugalandsbonden 74 vinterfôra sau, og årets oppgang heva det totale dekningsbidraget med noko meir beskjedne 3500 kr. Ein finn òg grunn til å minna på at sauenæringa har ein gryande overproduksjon på kjøt, som truleg vil presse lønsemda i 2016. Det vart fryse ein del lam på reguleringslager hausten 2015, og desse vil ein dra med seg inn i 2016 sesongen – der produksjonen òg er kalkulert til å vera høgare enn kva matvarekjedane etterspør.

Analysen over oppsummerer i grove trekk inntektssida – den veksten ein ser skal dekke opp endring i faste kostnader, som vedlikehald, innleigde tenester, lønskostnader osb. Fasiten for 2015 får me først når alle 2015 rekneskapa er avslutta. Men ei forsterka inntektsside ligg i alle fall i botn.

Sjå full pressemelding med tal og statistikk her: Pressemelding Haugalandsjordbruket 2015-1