Rekordår for bøndene i 2014

Rekordår for bøndene i 2014

INNTEKTSUTVIKLING I HAUGALANDSJORDBRUKET.

Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS.

Skattbar næringsinntekt etter avskriving viste ein oppgang på omlag 47.000 kr frå 2013 til 2014. Dette syner dei endelege gjennomsnittstala frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 239 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.

 

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.500 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.

 Analysen av rekneskapsmaterialet for 2014 viser ei positiv utvikling for nær sagt alle produksjonane!!! Spesielt mjølkeproduksjonen har styrka lønsemda, men sau og gris viser òg ei veldig god utvikling. For enkelte av produksjonane er auken på over 30 % frå 2013 til 2014 – målt i dekningsbidrag.

Mykje av resultatløftet må tilskrivast ein veldig fin sommar, som resulterte i eit godt fôrår og yterike kulturbeite/fjellbeiter. Til og med grisen nytte godt av sommarvarmen – ein produksjon som normalt er lite væravhengig J Det gode vèret førte til ein eventyrleg grillsesong, og eit pangsal for grisekjøtet – og på det viset fekk ein snudd overdekning til mest ei underdekning av grisekjøt. Noko som gav grunnlag for betre utbetalingsprisar for grisebøndene.

 Hovudtrekk frå 2014:

  • Eit godt fôrår førte til vekst for mjølke- og sauebonden.
  • Godt vèr gav ein god grillsesong og godt sal for grisebonden.

 

Mjølkebonden

For mjølkebonden er det hovudsakeleg ein styrka mjølkepris som gjer utslaget, og ein ser ein oppgang på om lag 30 øre i høve fjoråret. Av denne oppgangen var 10-15 øre bestemt i jordbruksoppgjeret (som såkalla målprisoppgang), resterande skriv seg frå betre mjølkemarknad og dels flinkare bønder. Ein ser òg ein tendens til at bonden produserer meir mjølk pr. ku – leveransen steig med 2 %. Innan mjølkeproduksjonen slår auke i kjøttprisar òg positivt ut, ein ser at kjøtomsetnaden har auka med omlag 500 kr pr. årsku. Mykje av denne auken skriv seg frå eit nytt kvalitetstilskot som vart innført frå 1. januar 2014 – som følgje av jordbruksforhandlingane i 2013. Tilskotet vert gjeve som eit stimuli der ein leverer ku-, okse- og kvigeslakt av ein viss kvalitet og alder. I sum førte oppgang i mjølke- og slakteprisar til at omsetnaden gjekk opp med 3.300 kr pr. årsku. Av dette sat ein att med om lag 2.000 kr etter at kostnadsveksten var trekt frå. For ein gjennomsnittleg mjølkeprodusent på Haugalandet utgjorde dette om lag 50.000 kr i betra lønsemd.

Sauekjøtet

Den produksjonen som kom aller best ut var nok sauebøndene. Her ser ein ei styrking av dekningsbidraget på heile 31 % frå 2013 til 2014. Dekningsbidraget for ein sau gjekk opp med 171 kr pr. stykk, og enda på kr 721 pr. sau. Forklaringa til denne oppgangen er nok todelt, for det første steig utbetalingsprisane med 4 kr pr. kg, noko som forklarar 104 kr av oppgangen – resterande kan tilskrivast auka leveranse pr. sau (1 kg pr. sau). Gode vårbeiter, og mykje snø i høgfjellet gav flotte og tyngre lam. I tillegg auka tilskotet frå staten med 186 kr i snitt pr. sau. I sum gir dette ein vekst i innteninga pr. sau med 357 kr sau, noko som tilsvarer 25.000 kr for ein gjennomsnittleg sauebruk.

Griseprodusenten

Innleiingsvis var ein òg inne på at grisebonden hadde nytt godt av den gode 2014-sommaren. 2013 og første halvdel av 2014 var prega av stor overproduksjon, prispress og dårleg lønsemd på grisekjøt. Marknadsføringskampanjar, kombinert med ein god grillsesong sette rekordfart i salet av grisekjøt utover sommarmånadane i fjor. Og i løpet av juli/august var overskot av grisekjøt snudd til balanse eller underskot på kjøt. Dette gjorde at ein kunne ta ut høgare prisar på produkta. Dette kombinert med at kostnadane ikkje vaks alt for mykje, gjorde at grisebonden kunne sitja att med meir på botnlinja. Året under eitt styrka dekningsbidraget seg med 1588 kr pr. purke, noko som tilsvarer ein oppgang på 11 % frå året før. I snitt har ein Haugalandsbonden om lag 38 purker, noko som gir rom for ein inntektsvekst på 60.000 kr. God økonomi sommar/haust 2014, gir òg grunn til optimisme over i 2015.

Investering

Investeringsnivået i næringa var stabilt eller svakt fallande. I snitt investerte Haugalandsbonden 77.000 kr i nybygg og 156.000 kr i maskinar – noko som er ein nedgang på hhv 8.000 kr og 10.000 kr. Det er spesielt i dei grovfôrbaserte produksjonane ein ser det blir investert, og i mindre grad kraftfôrkrevjande. Spesielt innan sauenæringa ser ein gryande optimisme og investeringsvilje – noko av dette kan nok tilskrivast at det frå styresmaktene har blitt signalisert at ein vil satse på større sauebruk framover. For dei kraftfôrkrevjande produksjonane har ein dei føregåande åra slite med overproduksjon og dette har resultert i noko meir avmålt investeringsvilje. Vidare er inngangsbilletten for å bli grisebonden blitt relativt høg, med ein investeringskostnad på 5-6 millionar for eit slaktegrishus og over 10 mill. kr for smågrisproduksjon.

Vidare auka overføringane frå staten med om lag 9.500 kr pr. bruk i snitt. Noko som dels skuldast auke i tilskotssatsar, men òg auka produksjon/tilskotsgrunnlag.

I perioden 2010 til 2013 steig lånebyrda innan Haugalandsjordbruket med heile 32 %, denne auken har flata meir ut i 2014 – i snitt auka gjelda med meir beskjedne 15.000 kr. Dette heng nok saman med at ein ser ei noko meir avmålt investeringslyst – samstundes som gjerne ein del av inntektsveksten i 2014 blei brukt til nedbetaling av gjeld, bøndene er vant med at det kan koma magrare år etter dei feite… Rentekostnaden var svakt stigande, i snitt auka dei med 3900 kr pr. bruk, lånerenta i AS Norge var svakt fallande i 2014 – så auken må nok tilskrivast samansetnaden av gjelda.

Inntekt utanom bruket er aukande i år òg – og er no kome opp på 371.000 kr i snitt, noko som er ei auke på 12.000 kr i høve til fjoråret. Men veksten i ekstern inntekt har flata noko ut dei siste åra, dette skuldast nok dels at grensa på kva ekstern inntekt ein kan hente byrja å bli nådd – samstundes har jordbruksinntekta har styrka seg, og på det viset ser mindre behov for å hente inntekt utafra.