Vandring i takstland

Vandring i takstland

Takstyrket er i følgje oss sjølv verdast mest spanande yrke – men ofte slår ikkje historiane alltid like godt når ein rundar middagsbordet. Men uansett me som jobbar med profetien har ein veldig variert kvardag, der me får sett utruleg mykje forskjellig – både litt rart og mykje flott. Og ikkje minst er det spanande å sjå korleis me treff den dagen du skal selje eller kjøpe noko som me har sett verdien på. Det er marknaden som sitt på fasiten!

Men taksten er ikkje berre brukt om du skal kjøpe eller selje på frihandel. Storparten av oppdraga våre er knytt til å verdsette gardsbruk som skal skifte eigar internt i familien – og ein god nummer to er takstar som skal vidare til banken; for gjerne å sjå om du kan få draumen om ny fjos eller vinterstove oppfylt. Bruksområda er mange, og dette er berre eit par av dei. 

Oppdraga startar oftast med ei innregistrering av «hvem, hva, hvor». Vidare har me i dag mange digitahjelpemiddel som t.d. Gårdskart frå Nibio og grunnbøker frå Seeiendom frå Kartverket. Med desse hjelpemidla veit me alt ein del om garden din før me trillar inn på tunet. 

Ute i felten likar me at du drar historia bak gardsbruket ditt, og fortel litt om både bygningar, jord og skog. Dette er den kjekkaste delen av jobben, me får sett utruleg mykje flott og forskjellig – og god på å drikke kaffi og ete vaffel blir me òg. Mobilkamera er flittig brukt hjelpemiddel – slik at me kan dokumentera korleis du har det, og me sjølv kan huska  attende når me kjem heim i «kontorbobla». 

Når me kjem heim har staten gitt oss ein del ulike verktøy og prinsipp som me skal jobba etter, det kan vera noko så spanande som rundskriv M-3/2002 og 2017 eller konsesjonslov, odelslov osv. Ikkje så spanande for deg som lesar kva desse inneheld – men det gir oss ein del føringar på korleis me skal setje verdien på sauefjosen din, huset du og katten bur i, og bakkane som sauene dine beitar på.

Og på bakgrunn av Erna sine rundskriv, lovar og direktiv – og vår eiga magekjensle set me ein marknadsverdi på garden din. Så er det opp til sonen eller dotter di å avgjere om dei vi overta den, eller gjerne naboen om ingen i di slekt er lysten på å trilla hjulet ditt vidare. 

I familieeigarskiftet er det i utgangspunktet du som seljar som bestemmer kva som skal betalast for eigedommen, men hamnar ein over på frihandel så er det meir kjøparen sin betalingsvilje som er styrande. 

Men uansett er det ofte landbrukstaksten ein tek utgangspunkt i. Noko av det som gjer arbeidskvardagen vår så triveleg er å få hjelpe til i desse prosessane. 

Andreas Lundegård
Rådgjevar og takstmann i Tveit Regnskap

Har du spørsmål?

Finn ditt nærmeste kontor i kartet, og bytt til et regnskapssystem som gir deg full oversikt og enklere hverdag.

Finn ditt nærmeste kontor

Vi har kontorer over hele Vestland, Rogaland, Agder og i Oslo. Ta kontakt med ditt nærmeste kontor, for mer informasjon.

Bergen
Bjørnafjorden
Bømlo
Etne
Fitjar
Gjesdal
Haugesund
Husnes
Karmøy
Odda
Oslo
Rosendal
Sand
Sauda
Skjold
Stavanger
Stord
Tysvær
Ølen
SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner