Tveit heiar på bonden

Tveit heiar på bonden

Mange yrkesgrupper gjer ein framifrå, og veldig viktig innsats for landet vårt nå i desse vanskelege tider. Bøndene er ei av desse gruppene, ei gruppe som gjerne blir sett på som ein del av grunnmuren i samfunnet. Og som på vår eigen bustad er grunnmuren kanskje ikkje det ein legg mest merke til – ofte ikkje den som er mest påkosta eller framheva.

Men utan grunnmur står resten av huset ustøtt. Slik er det gjerne òg med landbruket sin plass i samfunnet. Mat er ein av dei grunnleggjande innsatsfaktorane me menneske må ha, utan dette stoppar alt. Det har ein sett dei siste dagane, samfunnet er tilbake til basistankegangen, òg i ei krise viser dette si framtoning gjennom at me hamstrar mat (og dopapir…).

Matvaretryggleik gjennom det å vera leveringsdyktig, og kunne levere trygg mat blir viktig. Krisetider avdekkar behovet for å ha ein god strategi på innanlands matproduksjon – det å kunne halda eiga befolkning med mat. Trenden dei siste tiåra har gjerne vore at ein ser samfunnet som meir globalt – og at matforsyninga vår kan vera ein del av dette. Den situasjonen me er inne i no viser i alle fall at eigen grunnmur er viktig… 

Tveit er på mange måtar lik storsamfunnet, bøndene inngår som ein del av grunnmuren vår – ein viktig kunde for Tveit. Me heiar på alle dykk som går i fjos, og hoppar oppi traktor 365 dagar i året – søndag som måndag, for å gi oss trygg og god mat. De er utruleg viktige for samfunnet, og for oss i Tveit.

Så ein klapp både til sjukepleiarar og bønder frå oss i desse dagar!