Tankar kring bonden sin økonomi i 2022

Tankar kring bonden sin økonomi i 2022

Underteikna har jobba som økonomirådgjevar Tveit Regnskap sidan 1998, og sjeldan har nok bonden vore i meir turbulente tider (økonomisk) enn han/ho står i ved inngangen til 2022.

På mange måtar er dette litt underleg… I utgangspunktet ligg det meste til rette for ei god inntening hjå bonden. Grunnpilaren for å gi bonden sikker og stabil inntekt er marknadsbalanse. I all den tid eg har vore med å analysert bonden si inntening har denne vore avgjerande. Koronapandemien har på litt underleg vis slått positivt ut for bonden – eg og du som forbrukar konsumerer stort sett maten vår her heime. I liten eller ingen grad svenskehandel, ei heller reiser me til varmare strok. Dette har ført til at innanlands etterspurnad etter matvarer har nærast eksplodert – og bønder/næringsmiddelindustri har produsert det reimar og tøy kan makte. Normalt gir dette grobotn for stabile utbetalingsprisar og sikker inntekt for bonden.

Likevel opplever ein stor bekymring og det vert ropt varsko frå næringa – krybba er tom og hestane er i ferd med å bitast… Kva skuldast nå så dette?

Ein skal ikkje vera særs dyktig rakettforskar for å ha fått med seg grunnane til dette…:

  • Eksploderande gjødselprisar internasjonalt
  • Auka energiprisar, både på elektrisitet og diesel (energi påverkar og gjødsel)
  • Stigande kraftfôrpris
  • Stigande rente
  • Generell prisstigning.

Og isolert sett har me fått innblikk i korleis dei ulike faktorane har endra seg. Gjødselprisen har mest dobla seg, frå 4 kr/kg til 6-8 kr/kg, straumpris på 1,8 kr pr. kwh mot normalt 30-40 øre pr. kwh. Men ein har i liten grad sett tal på korleis dette vil slå ut på totalen for bonden. Tveit Regnskap AS har i ei årrekke køyrt statistikk bondeøkonomien og har såleis eit godt grunnlagsmateriale for å rekne på dette. Og i tillegg er det i media framstilt ein god del tal på korleis dei ulike bruddstykka endrar seg.

I det vidare vil me prøve å setje dei ulike faktorane saman og sjå korleis dette slår ut.

Tre ulike gardar, men med same arealstorleik. Produksjon som følgjer:

  • Gard nr 1 har 28 mjølkekyr, mjølkekvote på litt over 200 tonn.
  • Gard nr 2 har 32 ammekyr, fôrar fram alle dyr til slakt
  • Gard nr 3 har 300 vinterfôra sau.
  • Alle har eit areal på 200 dekar fulldyrka og 100 da beite

Me har rekna på desse endringane i innsatsfaktor:

  • Gjødselkostnad stig 70 %.
  • Straumkostnaden stig 40 %
  • Dieselprisen stig 20 %
  • Lånerenta stig med 0,5 prosentpoeng.
  • Generell stigning på kraftfôr og innkjøpte varer/tenester

Ein har i utrekningane brukt Nibio sine driftskalkylar for å stipulere forbruk av ulike innsatsfaktorar, og samstilt desse med våre eigne statistikkar. I utrekningane har ein prøvd å setje opp auke på innsatsfaktorar opp mot auke på inntektssida gjennom meirprisar via jordbruksavtale/kjøttprisar – samt endringar i tilskot m.v. Auke investeringskostnad er rekna inn i rentekostnad.

Ein får dette bilete for dei ulike gardane:

Gardsbruk 1. Mjølkeproduksjon på 210 tonn 28 kyr

Kostnader
Gjødsel og kraftfôr59 000 kr
Energi (diesel og straum)18 000 kr
Generell prisauke og finanskostnader49 000 kr
Sum kostnadsauke126 000 kr
Inntekter:
Auke marknadsprisar37 000 kr
Auke tilskot30 000 kr
Sum inntektsauke67 000 kr
Inntekstnedgang (kalkulert)58 000 kr

Gardsbruk 2. Ammeku, 32 årskyr og fullt påsett

Kostnader
Gjødsel og kraftfôr46 000 kr
Energi (diesel og straum)14 000 kr
Generell prisauke og finanskostnader38 000 kr
Sum kostnadsauke98 000 kr
Inntekter:
Auke marknadsprisar27 000 kr
Auke tilskot23 000 kr
Sum inntektsauke50 000 kr
Inntekstnedgang (kalkulert)48 000 kr

Gardsbruk 2. Sau, 300 vinterfôra sau

Kostnader
Gjødsel og kraftfôr35 000 kr
Energi (diesel og straum)11 000 kr
Generell prisauke og finanskostnader31 000 kr
Sum kostnadsauke77 000 kr
Inntekter:
Auke marknadsprisar25 000 kr
Auke tilskot35 000 kr
Sum inntektsauke60 000 kr
Inntekstnedgang (kalkulert)17 000 kr

Konklusjon:

Reknestykka over må sjølvsagt takast for det dei er, ein anslag på korleis ein vurderer situasjonen i 2022. Arbeidet er ikkje gjennomført med heilt same presisjon som Budsjettnemnda/Nibio – MEN det gir oss eit bilete av korleis stoda kan bli ut frå dei gjevne føresetnadane. Så kan ein sjølvsagt diskutere dei føresetnadane som er lagt – nokre vil hevde utslaga er større, andre det motsette… Men det gir oss uansett eit bilete av at situasjonen, og at det nok ikkje er feil å rope litt varsko slik bondeopprørarar med fleire har gjort. Situasjonen har endra seg mykje berre dei siste par månadane. Og med mindre energimarknaden snur opp ned på seg utover våren vil nok dette bli ein del av kvardagen til bonden utover i 2022.

Andreas Lundegård Fagansvarlig landbruksøkonomi
Andreas Lundegård
Tveit Regnskap AS
andreas@tveit.no
98253925