Økonomi nydyrking

Økonomi nydyrking

Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS.

Dei siste åra har ein sett ei auka interesse for nydyrking og opparbeiding av nytt slåtteland. I denne artikkelen vil ein prøve å setje søkjelys på nydyrking, motivasjonen bak, kostnadane til nydyrking og nokre marginalbetraktningar knytt til nydyrking.

Motivasjonen bak?

Det er sjølvsagt eit breitt spekter av motivasjon for å gjennomføre nydyrking av areal. Men nokre fellestrekk ser ein:

Bruksstorleiken har auka mykje dei siste tiåra, dette har i stor grad skjedd gjennom ei utstrakt bruk av leigejord. Mange opplever det både tidkrevjande og kostbart å drive jord som ligg langt unna driftssenteret. Det kostar både «dekk og diesel» å drive desse areala, samstundes som ein brukar mykje tid på transport av gjødsel eine vegen og fôr andre vegen.

Mykje leigejord kan gjer at ein føler seg som «leilending i eige hus», og ein i stor grad er prisgitt korleis utleigar stiller seg til drifta av jorda. Mange investerer store summar i t.d. bygning og kvote, og mykje leigejord kan då fort skape usikkerhet knytt til driftsgrunnlaget. Nydyrking styrkjer sjølvråderetten.

I andre tilfelle er ein avhengig av kjøp av grovfôr – noko som ofte kan vera ei god løysing reint økonomisk – men kvalitet og tilgang kan vera veldig varierande. Nydyrking kan vera ei motvekt her.

Nydyrking kan òg rasjonalisere og effektivisere drifta, gjennom meir rasjonell teigdeling. Avlingsnivå kan òg hevast dersom ein t.d. gjer kulturbeite om til full- eller overflatedyrka areal.

Ved nydyrking av areal som tidlegare ikkje har vore dyrka, vil ein få areal- og kulturlandskapstilskot. Og med dagens tilskotssystem vil dette åleine forrenta ein kostnad på 7.500 kr pr. dekar (i sone 5).

Nydyrking kan òg vera veldig gunstig reint skattemessig. Kjøp av tilleggsjord må aktiverast og kan ikkje utgiftsførast – medan nydyrking kan direkte utgiftsførast. Marginale skattesatsar spenner frå 37,7 % til 49,8 % for dei fleste bønder. Ein kostnad på 20.000 kr pr. dekar kan då fort gå ned mot 10.000 kr med høgaste marginalskatt…

Vidare vil nok jordverdien auke grunna nydyrking, og såleis styrke pantegrunnlaget.

I tillegg til sjølvråderetten og momenta over, ligg det nok nedarva at ein skal bringa garden vidare i betre stand enn ein overtok – og jordveg blir ofte brukt som eit mål på dette.

Kostnad nydyrking:

Basert på erfaringstal frå rekneskapane som Tveit fører for kundane kan ein sei noko om kostnaden pr. dekar ved nydyrking. Dei mest brukte dyrkingsmetodane er overflatedyrking, fulldyrking av morene og blandingsjord, eller fulldyrking av myr – enten gjennom omgraving eller grøfting.

Overflatedyrking:

– Fjerning av stein i overflata, småjustering av terreng, og vassvegar.
– Kostnad 5.000-10.000 kr pr. dekar

Fulldyrking av morene:

– Fjerning av stein ned til +/- 50 cm djupne.
– Kostnad 8.000-20.000 kr pr. dekar.
– Større kostnad må påverknast med omfattande grøfting.

Omgraving av myr:

– Tek undergrunnsmorene/grus/leir og legg oppå myrjorda, og opparbeider drenerande lag.
– Kostnad 20-30.000 kr pr. dekar
– Større kostand ved djup myr.

Tradisjonell grøfting av myr:

– 15-20.000 kr pr. dekar for grøfting
– Kostnaden er aukande ved store steinmengder i tillegg
– Må pårekne større vedlikehaldskostnader.

Marginalutrekningar

Leigejord og transportkostnad m.v.

Som nemnt over har delen leigejord vore aukande dei seinare åra, og kostnadane til dette blir dels betydelege. Norsk Landbruksrådgjeving Namdal har utarbeidd ein rapport som sannsynleggjer mykje av desse kostnadane. Ein vil under bruke moment frå denne undersøkinga til å gi eit bilete av økonomi ved nydyrking av areal på eiga driftseining.

Undersøkinga vart utført i 2016 blant medlemar i området Namdalen i Trøndelag. Ein såg på kostnad til transport av fôr/gras og gjødsel. Kort oppsummert viste denne rapporten at ein hadde desse kostnadane til å transportere husdyrgjødsel til areala, og fôr attende:

– 20 til 100 kr pr. km og dekar.
– Eller 0,05 til 0,25 kr pr. km og Fem.
– Dette ved ei avling på 400 Fem/da

Desse tala kan nyttast til å rekne økonomi med å skifte ut leigejord, med oppdyrking av eige areal nærare gardsbruket. Reknestykket er sett opp ut frå desse føresetnadane:

– Byte leigejord som ligg 5 km frå driftssenter med jord 1 km frå driftssenter:

o 45 kyr, 300 tonn kvote, avling 400 Fem pr. dekar
o Treng 360 dekar dyrka, herav 200 dekar leigejord à 400 kr/da
o Transport koster 20 øre pr. Fem og km
o Kostnad nydyrking 200 dekar

 15.000 kr pr. dekar
 3 mill. kr totalt
 Årleg kostnad 218.000 kr i renter/avdrag (5 % rente/25 år)

Alternativ 1: Leige 200 dekar jord som ligg 5 km frå driftssenter, dette gir desse kostnadane:

o 200 dekar x 400 fem/da x 0,2 kr/fem x 5 km
o Sum 80.000 kr

Alternativ 2: Dyrke opp 200 dekar på eigen eigedom, arealet ligg i snitt 1 km frå driftssenter, og gir dette kostnadsbilete:

o Renter/avdrag 218.000 kr.
o Spart kostnad leigejord 200 da x 400 kr/da = – 80.000 kr
o Spart transportkostnad (80.000 kr x 4/5) = – 64.000 kr
o Netto 74.000 kr.

Under gjevne føresetnader ser ein at årleg kostnad er noko lågare (6.000 kr) ved å dyrke opp eige areal – kontra å nytte leigejord. I tillegg vil moment som høgare avling på areal nærare driftssenter kunne slå inn, likeeins auka pantegrunnlag på eigedomen, osb.

Nydyrking og spreieareal:

Eit anna døme kan vera forhold knytt til tilgjengeleg spreieareal. Ei mulig skjerping av krav til spreieareal kan liggje på trappene. I dømet under vil ein prøve å setje leigd spreieareal opp mot nydyrking av eige areal.

Ein tek desse føresetnadane:

– Grisebonde konsesjon slaktegris
o Treng 467 dekar spreieareal
– Mister 100 dekar spreieareal som ligg 1 km frå gard
o 3 alternativ:
• Dyrke 100 dekar på eigen gard
• Leige transport gjødsel 20 km
• Redusere tal slakt

Alternativ 1. Dyrke 100 dekar eigen gard:

– Føresetnadar dyrking lik som døme over på transportkostnad
– Årleg kostnad finans 109.000 kr
– Produsere grovfôr for sal
• 400 rundballar, 100 kr i DB pr. seld ball = 40.000 kr i DB
• Tilskot (sone 5) = 38.200 kr
• Årleg vedlikehald jord mv. 20.000 kr
– Årleg netto blir kr 50.800

Alternativ 2. Transportere gjødsla 20 km med lastebil

– 2.000 m3 gjødsel totalt på 2.100 slaktegris, 4,2 m3 pr. da
– Behov for å transportere 420 m3 dersom ein mister 100 da spreieareal
– Føresetnadar transport:
• Lastebiltransport 17 m3
• 1.000 kr pr. time
• 1,5 lass pr. time
– Årleg kostnad 17.000 kr

Alternativ 3. Redusere tal leverte slakt

– Bortfall av 100 dekar spreieareal tilsvarer 450 slakt
– DB pr. gris 350 kr
– Årleg tap 157.500 kr.

Dersom ein samstiller dei 3 reknestykka kjem alternativet med transport av gjødsel desidert best ut, men ein forutset då at det er tilgjengeleg spreieareal i nærområdet… Og dette er ei føresetnad som naturleg nok vil vera under press dersom ein får ei skjerping av krava til spreieareal, og i mange tilfelle under dagens regelverk òg. Dersom ein eliminerer dette alternativt kjem nydyrking av areal ut som eit veldig godt alternativ.