Tveit mottar Næringslivsprisen for 2019

Tveit mottar Næringslivsprisen for 2019

Tveit Regnskap har gjennom 50 år utviklet seg til et sterkt og profesjonelt selskap og mottar i 2019 Vindafjord Kommune sin Næringslivspris.

Kommunens begrunnelse for tildeling:

I 1969 blei bøndene pålagt å levera moms regnskap for drifta si. Dette var eit stort og omfattande pålegg og mange bønder hadde utfordringar med å få dette til.

Landbrukskontoret utfordra då Jarle Tveit om å hjelpa bøndene med dette pålegget.

Jarle Tveit tok utfordringa, og det blei starten på Tveit Regnskap si historie. Jarle Tveit var opptatt av personleg service og god kontakt med kunden. Dette har sidan vært Tveit Rekneskap sitt varemerke. Tveit Rekneskap er tett på kundane med kontor og personell.

Dette har i løpet av 50 år utvikla seg til 19 kontor på ulike stader i Noreg. 217 ansatte og over 100 millionar i omsetjing. Gode resultat på botnlinja har dei også hatt gjennom desse åra.

Ikkje få av dei som kan økonomi og regnskap i Vindafjord har vært eller er ansatt hos Tveit Regnskap der dei har fått sin opplæring og kompetanse av Jarle eller Jone Tveit. Eit godt arbeidsmiljø kjenneteikner også Tveit Rekneskap.

næringslivsprisen vindagfjord

Årets Næringspris blir i år tildelt Tveit Rekneskap.

Drift, utvikling og kultur i Vindafjord Kommune tildeler Næringsprisen 2019 til:

Tveit Rekneskap

Drift, utvikling og kultur si grunngjeving for tildeling av prisen er:

Tveit Regnskap har gjennom 50 år utvikla seg til eit sterkt og profesjonelt selskap med hovudkontor i Skjold og kontor i ulike kommunar kringom i landet, og er ein solid støttespelar for næringslivet.