
INNTEKTSUTVIKLING I HAUGALANDSJORDBRUKET.
Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS.
Skattbar næringsinntekt etter avskriving viste ein nedgang på 17.300 kr frå 2015 til 2016. Dette syner dei endelege gjennomsnittstala frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 226 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.
Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.700 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.
Variabel utvikling
I motsetnad til 2015 då pilene peike oppover for alle produksjonane hjå bonden, sprik det meir i
retning i 2016. Både mjølk og storfèkjøt held fram den positive utviklinga – medan ein på gris og sau
såg ei meir tråare utvikling og inntekta gjekk ned.
Og årsaka til både oppgangen og nedgangen er mykje den same, for lite eller for mykje av det ein produserer. Mjølkemarknaden er nokolunde i balanse, noko som saman med gode etterbetalingar i frå meieria gjer at mjølkebonden opplever vekst. På storfèkjøt er det òg sug i marknaden, noko som muliggjer auka utbetalingspris til bonden. Medan ein på dyreslag som gris og sau har opplevd at marknaden har snudd frå balanse/underdekning til at det blir produsert for mykje – dette pressar pris og lønsemd.
Hovudtrekk frå 2016:
- Balanse i marknaden og gode prisar gav grei utvikling for mjølke- og storfèbonden.
- For mykje gris og sau pressa økonomien hjå svine- og sauebonden.
Mjølkebonden
For mjølkebonden er det betre mjølkepris og høgare utbetalingspris på storfèkjøt som slår ut.
Mjølkeprisen auka 10 øre i høve fjoråret. Mjølkebonden har nok aldri opplevd ein så høg mjølkepris som i 2016 – i snitt låg den på 5,78 kr pr. liter. I snitt produserer ei haugalandsku snaut 7.200 liter pr. år og du finn 26 av dei på båsen i snitt. Kvar bonde leverer 186 tonn eller 186.000 mjølkekartongar i snitt… Kostnadsbildet var nokolunde stabilt eller litt stigande, størst oppgang såg ein på kostnaden til å produsere eige fôr (kunstgjødsel, ensileringsmidlar m.m.) og kjøp av grovfôr. Dekningsbidrag pr. ku enda på 30.700 kr pr. ku.
Å satse på mjølk i Rogaland har òg sin pris. Iveren etter å auke mjølkeproduksjonen er framleis stor i fylket – ein leigepris på 1,5-1,6 kr/liter er ikkje uvanleg – kjøp av kvote 15-16 kr/liter. Men utbudet av kvotar var noko mindre i 2016 slik at i snitt brukte Haugalandsbonden noko mindre til investering i kvote. For storfèkjøtet har det vorte produsert mindre enn det marknaden etterspør i fleire år – dette har gitt rom for auke i utbetalingspris og dels styrka lønsemd for ammeku- og storfèkjøttbonden. Utviklinga går i rett lei dette året òg, men gjerne i litt små steg… I snitt var DB på ei ammeku 7.900 kr pluss tilskot – opp 400 kr frå året før. For dei som driv med oppfôring av oksar var bilete nokolunde likt – opp 400 kr frå året før til 7.550 kr pr. okse. Det har vore stort fokus på underdekninga av storfèkjøt, og ammekua har vore trekt fram som middelet for å snu denne trenden – med mellom anna stort trykk på utviding og bygging av nye ammekufjøs. Noko som isolert sett er positivt, men innteninga i produksjonen er framleis på nivå som gjer at ein bør ha streng kostnadskontroll!!! Med eit DB pr. ku på 7-8.000 kr pr. ammeku, mot +/- 30.000 kr pr. mjølkeku, seier det seg sjølv at ein ikkje kan byggje ein mjølkefjøs utan mjølkerobot til å huse ammekyrne…
Griseprodusenten
Grisebøndene hadde historisk gode år med tanke på inntening i 2014 og 2015. Årsaka til dette låg i balanse mellom tilbod og etterspurnad etter svinekjøt. Mot slutten av 2015 og utover 2016 snudde dette noko, og svinebonden opplevde ei viss overproduksjon – med tilhøyrande press på utbetalingspris. Spesielt dei produsentane som fôrar opp all smågrisen sjølv (kombinert besetningar) såg ei nedgang i dekningsbidrag – om lag 1.600 kr pr. purke. Men nedgangen er ikkje urovekkande stor, 7 % i høve året før. Snitt DB låg på 20.200 kr pr. purke. Rein slaktegrisproduksjon gav eit DB pr. gris på 350 kr, mot 375 kr året før (dette òg ein moderat nedgang). Produsentar som kunn produserer smågris for sal, enda med eit DB pr. purke på 13.500 kr – mot 14.200 året før. Besetningane på gris er gjennomgåande større enn kva ein finn på storfè og sau, så sjølv ei mindre nedgang i DB slår ut. Ei for ein grisebonde full konsesjon kombinert utgjorde nedgangen i DB opp mot 100.000 kr. MEN resultata på gris er framleis gode sett i eit historisk perspektiv – sjølv om pilene peika litt ned i 2016.
Sauekjøtet
Sauenæringa opplevde etterlengta løft i 2014 og 2015. Men over i 2016 butta det litt att…Det var lenge stor underdekning på norsk sauekjøt, og importen var stor. For å bøta på dette vart det både frå bondenæringa sjølv og styresmaktene sett inn tiltak for å auke produksjonen. Prisen på sauekjøtet vart auka, tilskota pr. sau vart heva og det har vore brukt mykje investeringsmidlar (IBUmidlar) for å byggje nye sauehus. Med stigande inntening og dei føringar som vart lagde av staten, tok bonden oppfordringa og satsa på sauen. Mange sauebesetningar vart utvida og nye kom til. Dette førte etter kvart til at produksjonen auka monaleg, og det vart produsert meir sauekjøt enn marknaden kunne ta unna. Resultatet vart store reguleringslager med sauekjøt, og press på oppgjerspris og økonomi hjå bonden. DB pr. sau med tilskot, gjekk ned med over 200 kr pr. sau. Marknaden har dels betra seg utover i 2016, men hausten 2016 blir det framleis fryst inn saueslakt.
Investering og finans
Åra 2013 til 2016 har vist eit etterlengta løft i inntekta for haugalandsbonden. Og med inntektsvekst kjem ofte investeringslysta òg… Det kan ein òg lese ut av det statistiske materialet, spesielt investering i bygg og faste anlegg steig i 2016. I snitt vart det investert 153.000 kr i bygg (opp 45.000 kr i høve fjoråret), og 163.000 kr i maskinar pr. bruk. Spesielt på nybygg til ammeku har det vore stort trykk i 2016, med mange omsøkte nybygg til Innovasjon Norge. For næringa sin del får ein ikkje håpe det blir gitt for mykje gass på ammeku, slik det vart gjort på sauen… Omstillinga på mjølkebruka held òg fram, men gjerne med litt meir fokus bruk av eigne ressursar og bygningane tilpassa dette. Dvs. mjølkefjos på 40-50 kyr i staden for 60-70 som var malen for nokre år.
Investeringsiveren må òg finansierast – og som i resten av samfunnet skjer det ofte med opptak av ny gjeld. I snitt auka lånebyrda med 212.000 kr pr. bruk – til eit snitt på 2,8 mill. kr pr. bruk. Som ein har vore inne på tidlegare år finn ein grunn til å understreka opplåninga har auka dei siste åra – 530.000 kr frå 2013 til 2016. Rente nivået i AS-Norge har òg vore gunstig dei seinare år, dette nyt òg bøndene godt av – rentekostnaden gjekk i snitt ned med 13.000 kr pr. bruk – i snitt betalte Haugalandsbonden 84.000 kr i renter til banken. Låg rente er òg med «trigge» noko av den investeringsauke ein ser.
Inntekt utanom bruket enda på 361.000 kr, noko som er ei nedgang i høve fjoråret på snaut 7.000 kr.
I sum peika pilene både litt opp og ned for Haugalandsbonden, men sett i eit litt lengre perspektiv vil 2016 ikkje gå inn i historiebøkene som noko dårleg år. Gjerne vil utfordringane vera større når ein skal summer 2017 sesongen – med regn, rotbløyte og det som stod på menyen då…
Sjå full pressemelding med tal og statistikk her: Pressemelding inntektsutvikling 2016 Haugalandsjordbruket