Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket

Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket

Skattbar næringsinntekt etter avskriving viste ein nedgang på 26.900 kr frå 2017 til 2018. Dette syner dei endelege gjennomsnittstala frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 207 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.700 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30- årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.

Klimakrisa

Medan jordbruksinntekta viste eit etterlengta løft i perioden 2013 til 2017, ser ein i 2018 stagnasjon og nedgang for enkelte produksjonar.

Regn og tørke farga økonomien for dei grovfôretande dyra, men meir klimanøytrale produksjonar som gris såg òg ein nedgang – men då meir grunna at bøndene var i overkant ivrige på å produsera.

Hovudtrekk frå 2018:

  • Fôrkrisa etter regnsommaren 2017 og påfølgjande tørkesommar 2018 har svidd i lommeboka til bonden
  • For mykje gris pressa økonomien hjå svinebonden.

Mjølkebonden

Hovudsysla til bøndene i regionen er å produsere mjølk, og temperaturen innan mjølkeproduksjonen speglar på mange vis innteninga hjå bøndene. 2018 var i så-måte ikkje noko uår reint marknadsmessig, mjølkeprisenvar stabil (5,9 kr/liter) – likeeins leveranse/omsetnad.

Utfordringane kom på kostnadssida – og i stor grad hadde det sitt utspring i aukande fôrkostnader – som igjen skreiv seg frå klima og tilhøyrande fôrknipe. Fôrknipa kan nok tilskrivast både regnet i 2017 og sommartørken i 2018. Kostnadsmessig fekk ein dobbelteffekt i 2018; mange bønder venta med kjøp av grovfôr til vinter/vår2018, og for å unngå å hamne i same knipa neste vår kjøpte dei ekstra fôr hausten 2018. Dette har slått ut i auka kostnad både på innkjøpt grovfôr og kraftfôr. Denne trenden ser ein att på alle dei grovfôretande dyreslaga. I snitt enda dekningsbidraget pr. mjølkeku på 27.600 kr – ein nedgang på 3.600 kr frå 2017. I snitt harbonden 26,5 årskyr, og fyller opp 191.000 mjølkekartongar.

Det er framleis iver etter å auke mjølkeproduksjonen rundt om på kvar einskild gard. Prisen er framleis høg for å kjøpe kvote, ofte 16-17 kr pr. liter – og leigeprisar på 1,6 kr/liter er ikkje uvanleg.

Innteninga for reine storfèkjøtprodusentar var lenge pressa, og åra 2015-2017 viste eit etterlengta løft. Storfèkjøt har vore ein av få produksjonar der det har vore mogleg med vekst. Staten har bidrege med investeringsmidlar til nybygg, og me rådgjevarar har vore med å snakka fram denne veksten. Signal tilseier no at marknaden byrjar å bli meir balansert, og ein bør setje bremsane på for ytterlegare vekst – slik at ein ikkje går i same overproduksjonsfella som for sau/lam.

Storfèbonden blei òg påverka av tørkesommaren i 2018. Fôrmangelen var så alvorleg mange stader i landet at det vart ei ekstra ordinær nedslakting av buskap utover sommaren – bønder, spesielt på sør og austlandet, var alvorleg bekymra for vinterfôret til dyra sine. Denne nedslaktinga førte til mykje storfèkjøt i marknaden, og mykje måtte frysast inn på lager – dette kostar og gav utslag i lågare utbetalingspris til bonden siste halvår 2018. Dette saman med auka fôrkostnad syner att på innteninga på ammeku og fôringsoksar. Dekningsbidrag pr. ammeku enda på 6.900 kr, ned 2100 kr (25 %). For fôringsoksar noko mindre – ned kr 750 tilkr 6.900 kr pr. dyr.

Griseprodusenten

Grisebonden har over ei tid slite med over produksjon, både 2017 og 2018 har dels vore utfordrande. Dekningsbidraget pr. slaktegris gjekk ned med 10 % til 279 kr pr. gris (frå 310 kr i 2017). Snitt produsenten leverer om lag 900 slaktegris i året – og nedgangen tilsvarer såleis isolert sett kr 28.000 pr. bonde. For dei som kun produserer livgrisar (smågris) enda DB pr. purke på 10.800 kr, ned 1.000 kr i høve 2017. Mange av griseprodusentane har stor produksjon òg har investert mykje i drifta si, vedvarande overproduksjon pressar botnlinja og likviditet hjå bonden. Horisonten er spådd noko lysare i 2020, med betre balanse i marknad og tilhøyrande økonomi.

Sauekjøtet

Sauenæringa har dei siste åra slite med etterverknadane etter overetablering, og etter kvart overskot på kjøt. Spesielt er det sauekjøtet det har vore for mykje av, sjølve lammekjøtet har vore etterspurd i marknaden og gitt grei inntening. Oppgjersprisen på ein vaksen sau er blitt så låg at mange sauebønder mimrar attende til 50-60 talet for å finne tilsvarande. Gode beitetilhøve både i høgfjellet og heime gav gode haustvekter på lamma, noko som drog innteninga irett lei. I sum enda dekningsbidrag pr. sau på 623 kr, opp 117 kr i høve fjoråret. Så alle monnar dra.

Investering og finans

Haugalandsbonden har investert jamt og trutt dei siste åra, lenge var det sau og ammeku som var i vinden for dei som ville utvide. No har desse møtt sitt mettingspunkt, og ein ser at investeringane blir vridd meir over påmjølk, og då gjerne mindre besetningane med 15-30 kyr – som òg staten heiar fram gjennom å lova meirinvesteringsstønad til slike prosjekt. I snitt blei det bygd for 174.000 kr pr. bruk, ein oppgang på 25.000 kr i høveåret før. På maskinsida var investeringane på lag med fjoråre – 152.000 kr pr. bruk – men sett i høve til toppåret 2014 ser ein ei viss nedgang. Mogleg regn og tørke har stressa investeringslysta litt.

Rotbløyta 2017 gav òg etterverknad på andre kostnader for bonden, mange måtte ta eit løft på drenering-og fornying av eng. Kostnader som kan bli betydelege hjå enkelte.

Investeringsiveren må òg finansierast – og som i resten av samfunnet skjer det ofte med opptak av ny gjeld. Isnitt auka lånebyrda med 186.000 kr pr. bruk – til eit snitt på 3,2 mill. kr pr. bruk. Eigenkapitalen er framleis relativt høg på snitt blant bøndene, men for dei som nett har investert kan det bli noko meir balansekunst i åra framover – når marknaden er spådd noko meir usikker og rentebana til Norges Bank peikar oppover.

Inntekt utanom bruket enda på 396.000 kr, noko som er ein oppgang i høve fjoråret på snaut 3.000 kr.

2018-økonomien for Haugalandsbonden oppsummert gjennom Yr.no sine fraser vil nok bli lett overskya og litt yr – men på ingen måte torden og regn.

 

Ønskjer du å sjå meir frå pressemeldinga, så finn du fullstendige utgåve her: Pressemelding inntektsutvikling 2018 Haugalandsjordbruket