Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket 2020

Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket 2020

Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS

Skattbar næringsinntekt etter avskriving viste ein oppgang frå 2019 til 2020, inntekta steig i snitt med 30.800 kr til 394.000 kr pr. bruk. Dette syner dei endelege gjennomsnittstala frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 206 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.700 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30- årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.

Jordbruket tek seg litt att…

Jordbruksinntekta har stagnert og gått noko ned dei seinare åra, men korona-året 2020 snudde opp ned på det meste – og dels innan jordbruket òg.

Hovudtrekk frå 2020:

  • Solid auke for svinenæringa
  • Svekka inntenning for mjølkebonden, men auka marknad redda ein del
  • Stagnasjon for ammekua og eit lite steg i rett retnign for sausen…
  • Eit godt for- og beiteår.

Mjølkebonden

Ved inngangen til 2020 låg det dels mørke skyer over mjølkenæringa… Forbodet mot eksport av subsidiert Jarlsberg ost hang over mjølkebonden, mjølkevolumet måtte ned… Mjølkekvotar blei ekstraordinært kjøpte opp av staten og mjølkeprisen blei trekt såkalla omsetningsavgift – ei avgift mjølkebonden i stor grad hadde vore skåna for det siste tiåret. Det såg rett og slett lett ut som ein litt rufsete haustdag… Men ein dag i midten av mars blei landet vårt sett på vent, den mest dramatiske nedstenginga av landet sidan 2. verdskrig. For dei fleste av oss noko negativt som skapte usikkerhet.

Det gjorde det for bonden òg, men for bonden hadde det òg ei anna konsekvens. Ein marknad på fleire milliardar kroner opna seg plutseleg; svenskegrensa blei stengt og «harry-handelen» blei sett på vent. Slik vart det resten av 2020 og mest fram til dags dato…

Grunna den innførte omsetningsavgifta på mjølka gjekk utbetalingsprisen til bonden ned, og isolert sett drog dette innteninga til mjølkebøndene ned. Utbetalingsprisen gjekk ned med ca 35 øre pr. liter – og innteninga/nettoen pr. mjølkeliter gjekk ned med 16 øre pr. liter (nedgang i dekningsbidrag). Svakare mjølkepris skriv seg òg frå lågare etterbetaling/bonus frå meieriet.

Konsekvensane av nedstenginga av landet og auka innanlandsmarknad såg ein ikkje før på ettersommaren 2020 – Tine og Q-meieriene trengte meir mjølk, og mjølkekvotane blei auka i fleire omgangar utover seinsommar og hausten. Ein del bønder greidde å snu seg rundt å produsere meir mjølk, og på det viset greidde dei å motverke noko av nedgangen i inntening (nedgang i DB). Men bør nemnast at dette var ei utfordrande øving som ikkje alle kunne gjennomføre – ettersom ein på starten av året fekk beskjed av Tine/Q at det ville være behov for færre kyr og mindre mjølk.

Dekningsbidrag pr. ku enda på 27.900 kr mot 28.800 kr i 2019. Mjølkepris på kr 5,64 og i snitt ei leveranse pr. gard på 209 tonn.

Storfèbonden som ikkje driv med mjølk har enten oksar til oppfôring eller driv med ammekyr. Etter ei fin utvikling i inntening 2016-2018, har innteninga stagnert og gått ned dei seinare åra. 2020 ber framleis preg av stagnasjon – DB pr ammeku gjekk opp med snaut 100 kr, enda på 6.470 kr pr. ku. DB pr. fôringsokse gjekk opp 260 kr – til 6.720 kr pr okse.

Griseprodusenten

Grisebonden er vel den i bondefamilien som kan flagga høgast etter reisa gjennom 2020. Næringa har over fleire år slite med overproduksjon og pressa utbetalingsprisar grunna dette. Det har vore sett inn tiltak for å bremse produksjonen, og avlspurker blitt kjøpt ut mot at produsentane lovde å ikkje starte opp att med det første. Summen av dette kombinert med at marknaden endra seg radikalt utover sommaren 2020 (grunna stengte grenser m.m.), gjorde at innteninga styrka seg monaleg utover året. I snitt enda DB pr. slaktegris på 403 kr, opp 94 kr frå 2020. For ei konsesjonsbesetning med 2.100 slaktegris utgjer dette potensielt 200.000 kr på botnlinja. Smågrisprodusenten (dei som avlar opp smågrisar for livdyrsal) auka innteninga med 2.200 kr pr purke, eller 231.000 kr for ei konsesjonsbesetning. Auken i inntening hjå svinebøndene utgjer mykje av den auken ein ser i samla inntekt hjå Haugalandsbonden, bruka er ofte store og utslaga på botnlinja blir store når marknad og inntening styrkjer seg. På andre sida treng svinenæringa sårt eit løft etter nokre magre år, og næringa treng midlar til å fornye seg – då det er lite hjelp å henta frå staten til slikt. Mange grisefjøs byrjar å dra på åra…

Sauekjøtet

Sauenæringa var lenge ei næring der det var opning for nyetablering, noko mange heiv seg på i perioden 2012-2016. Overetablering blei ei faktum i etterkant, med tilhøyrande overproduksjon og svekka inntening. Dette har næringa slite med heilt fram til 2020. Marknaden for lammekjøtet har betra seg noko med tida – men kjøtet frå vaksne sauer har vore meir utfordrande å få seld unna. Koronapandemien og stengte grenser tømte her òg det som var av lager. Ved inngangen til 2021 var alle lager tomme, og ein har utover i 2021 sett betra utbetalingsprisar på både lam og sau. Dekningsbidrag pr. sau auka med 74 kr til 780 kr pr. vinterfôra sau. Ei grei prosentvis auke, men prosent er noko «hærk» når ein ligg på botn av rangstigen…

Faste kostnadar

Skildringa over viser i stor grad utviklinga på inntektssida, men alle næringsdrivande er kjend med at det alltid er nokon som et av lasset, og dei faste kostnadane et av bonden sitt lass òg… Kostnadsnivået i Norge er høgt, og dette slår ut for bonden òg – kostnaden til innleige av tenester er mellom anna aukande. Men det var òg lyspunkt på kostnadssida i 2020, straumprisane var rekordlåge grunna ein nedbørsrik vinter – i tillegg var det låge drivstoffprisar. Diverre har nok denne pendelen snudd i 2021…

Investering og finans

Når koronaen slo ned som ei bombe i mars vart det stor uro for både global- og innanlands økonomi. Norgesbank tok desse signala og sette styringsrenta ned til rekordlåge 0 % utover våren 2020. Gjeldsnivået i norsk landbruk har vore stigande dei siste åra, så nedgang i rentenivå slo òg inn i bonden si lommebok. Rentekostnad pr. gardsbruk gjekk i snitt ned med snaut 9.000 kr – i snitt har kvar bonde ein rentekostnad på 105.000 kr og ei gjeld på 3,6 mill. kr. Som ein har vore inne på før er gjeldsgraden aukande, og på 10 år har snitt gjeld pr. bruk auka med 1,6 mill. kr. Mykje av dette skuldast at næringa har fornya driftsapparatet og bite på styresmaktene sine agn for å produsere meir mat.

Investeringslysta har vore stabil og stigande dei siste åra. Mulig korona og tilhøyrande stigande valutakursar har dempa investeringslysta til bonden i 2020. Både investering i bygningar og maskinar viste relativt stor nedgang. Investering i bygning gjekk ned med 73.000, ein nedgang på heile 44 %. Medan kjøp av maskinar minka med 60.000 kr i snitt – ned 30 %. Noko av dette kan nok tilskrivast usikre tider innan mjølkesektoren, stigande byggjekostnader og på maskinsida har nok auka valutakurs slått inn – nypris på ein vanleg traktor ligg i dag fort på 1 mill. kr. Ei stort løft når inntekta ligg der den ligg…

Glaskula

Ofte ei risikabel og utfordrande øving å gi seg ut for å vera spåmann… Men på kort sikt ser i alle fall skydekket relativt lett ut for Haugalandsbonden. Stengte grenser og covid heng framleis over landet, sjølv om meter’n til Høie er oppheva. Dette gir ein god marknad med stabile prisar, som er nr 1 for innteninga i landbruket. Men på kort sikt er òg nokre utfordringar – ei faretruande kostnadsutvikling på gjødsel, straum, diesel og ei galopperande byggjekostnad. Vidare er det grunn til å understreka at ingenting pleier vera evig, ei heller stengte svenskegrenser…

Ønskjer du å sjå meir frå pressemeldinga, så finn du fullstendige utgåve her: PRESSEMELDING INNTEKTSUTVIKLING HAUGALANDSJORDBRUKET 2020

 

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]