Godt vèr og dyktige bønder!

Godt vèr og dyktige bønder!

Pressemelding:                                                                                                             

Skrevet av Andreas Lundegård Økonomirådgjevar landbruk – aut.rekn.førar

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.500 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på eit knippe av desse bruka. Det spesielle med dette talmaterialet er at det er faktiske tal frå rekneskapet, og ikkje eit kalkulert bilete av den økonomiske utviklinga!

Vedlagt statistikk avgrensar seg til ein analyse av økonomien/dekningsbidraget i dei ulike produksjonane bonden har.

Historisk god utvikling

Første analyse av rekneskapsmaterialet for 2014 viser ei positiv utvikling for nær sagt alle produksjonane!!! Spesielt mjølkeproduksjonen har styrka lønsemda, men sau og gris viser òg ei veldig god utvikling. For enkelte av produksjonane er auken på over 30 % frå 2013 til 2014.

Mykje av resultatløftet må tilskrivast ein veldig fin sommar, som resulterte i eit godt fôrår og yterike kulturbeite/fjellbeiter. Til og med grisen nytte godt av sommarvarmen – ein produksjon som normalt er lite væravhengig J Det gode vèret førte til ein eventyrleg grillsesong, og eit pangsal for grisekjøtet – og på det viset fekk ein snudd overdekning til mest ei underdekning av grisekjøt. Noko som gav grunnlag for betre utbetalingsprisar for grisebøndene.

Mjølkebonden 

For mjølkebonden er det hovudsakeleg ein styrka mjølkepris som gjer utslaget, og ein ser ein oppgang på om lag 30 øre i høve fjoråret. Av denne oppgangen var 10-15 øre bestemt i jordbruksoppgjeret (som såkalla målprisoppgang), resterande skriv seg frå betre mjølkemarknad og dels flinkare bønder. Ein ser òg ein tendens til at bonden produserer meir mjølk pr. ku – leveransen  steig med 2 %. Innan mjølkeproduksjonen slår auke i kjøttprisar òg positivt ut, ein ser at kjøtomsetnaden har auka med omlag 1.400 kr pr. årsku. Mykje av denne auken skriv seg frå eit nytt kvalitetstilskot som vart innført frå 1. januar 2014 – som følgje av jordbruksforhandlingane i 2013. Tilskotet vert gjeve som eit stimuli der ein leverer ku-, okse- og kvigeslakt  av ein viss kvalitet og alder. I sum førte oppgang i mjølke- og slakteprisar til at omsetnaden gjekk opp med snaut 5000 kr pr. årsku. Av dette sat ein att med om lag 3.000 kr etter at kostnadsveksten var trekt frå. For ein gjennomsnittleg mjølkeprodusent på Haugalandet utgjorde dette om lag 75.000 kr i betra lønsemd.

Sauekjøte

Den produksjonen som kom aller best ut var nok sauabøndene. Her ser ein ei styrking av dekningsbidraget på heile 32 % frå 2013 til 2014. Dekningsbidraget for ein sau gjekk opp med 203 kr pr. stykk, og enda på kr 835 pr. sau. Forklaringa til denne oppgangen er nok todelt, for det første steig utbetalingsprisane med 3 kr pr. kg, noko som forklarar 86 kr av oppgangen – resterande kan tilskrivast auka leveranse pr. sau (2 kg pr. sau). Gode vårbeiter, og mykje snø i høgfjellet gav flotte og tyngre lam. I tillegg auka tilskotet frå staten med 130 kr i snitt pr. sau. I sum gir dette ein vekst i innteninga pr. sau med 340 kr sau, noko som tilsvarer 25.000 kr for ein gjennomsnittleg sauebruk.

Griseprodusenten

Innleiingsvis var ein òg inne på at grisebonden hadde nytt godt av den gode 2014-sommaren. 2013 og første halvdel av 2014 var prega av stor overproduksjon, prispress og dårleg lønsemd på grisekjøt. Marknadsføringskampanjar, kombinert med ein god grillsesong sette rekordfart i salet av grisekjøt utover sommarmånadane i fjor. Og i løpet av juli/august var overskot av grisekjøt snudd til balanse eller underskot på kjøt. Dette gjorde at ein kunne ta ut høgare prisar på produkta. Dette kombinert med at kostnadane ikkje vaks alt for mykje, gjorde at grisebonden kunne sitja att med meir på botnlinja. Året under eitt styrka dekningsbidraget seg med 28 kr pr. gris, noko som tilsvarer ein oppgang på 10 % frå året før. I snitt har ein Haugalandsbonden om lag 1100 slaktegriser, noko som gir rom for ein inntektsvekst på 31000 kr. God økonomi sommar/haust 2014, gir òg grunn til optimisme over i 2015.

Analysen over oppsummerer i grove trekk inntektssida – den veksten ein ser skal dekke opp endring i faste kostnader, som vedlikehald, innleigde tenester, lønskostnader osb. Fasiten for 2014 får me først når alle 2014 rekneskapa er avslutta. Men ei forsterka inntektsside ligg i alle fall i botn – og bør gi grunnlag for optimisme nå som ein går inn i ein ny vekstsesong…

Og til slutt eit tips til landbruksorganisasjonane: kanskje årets krav i jordbruksforhandlingane bør vera betre vèr…. For 2014 gav nok det eit vèl så stort bidrag for Haugalandsbonden som dragkampen mellom Bjørke/Furuberg og Listhaug …

ThumbnailThumbnailThumbnail