Møt oss på Agrovisjon 1.-3. november

Møt oss på Agrovisjon 1.-3. november

Medan Agrovisjon framleis er i tenåra med sine 14 år på baken, slår Tveit til med 50-års jubileum under årets Agrovisjon 1-3. november. Velkomen til vår stand nr 332 i hall C – det blir feiring og kakegilde kvar dag kl. 12.00.

Hjå oss kan du få eit innblikk i framtida’s rådgjeving- og rekneskapshandtering. Gjerne ein drøs om dei store og små tinga som opptek deg i kvardagen – enten det lèt seg vera produksjonsøkonomi, investeringar, eigarskifte/taksering eller ordinære ting innan avgifts- og skatteområdet.

Det blir konkurransar, både høgtidlege og mindre høgtidlege… Vising av siste nytt innan Duett Minside (din veg inn i vårt økonomisystem). Demo saman med Duett. Og kanskje vankar det nokre gode tilbod – både til deg som vil bli med som ny kunde, og til deg som allereie er med på vinnarlaget…

Me ser fram til å møta nettopp deg desse dagane i Stavanger!