«Svinaktig» god utvikling

«Svinaktig» god utvikling

INNTEKTSUTVIKLING I HAUGALANDSJORDBRUKET.

Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS.

Skattbar næringsinntekt etter avskriving viste ein oppgang på heile 72.000 kr frå 2014 til 2015, noko som tilsvara ein oppgang på 21 %. Dette syner dei endelege gjennomsnittstala frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 236 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.500 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30-årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som harhovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.

«Svinaktig» god utvikling

Den solide utviklinga frå 2014 held fram i 2015, dei fleste produksjonane styrkjer lønsemda. Men spesielt grisen skil seg ut, men mjølkebøndene hadde òg ei bra utvikling.

På gris er det marknadsbalansen som gjer det meste av svaret på oppgangen. Er det samsvar mellom utbod og etterspurnad på svinekjøtet gir det som regel god økonomi for bonden. Oppgangen hjå mjølkebøndene skriv seg i stor grad frå ein styrka mjølkepris og marknadsbalanse. På same tid var kostnadsbilete nokolunde stabilt i dei fleste produksjonar.

Hovudtrekk frå 2015:

· Balanse i marknaden og gode prisar skapte rekord for grisebonden.
· Solid etterbetaling frå meieria løfta mjølkebonden.

Mjølkebonden

For mjølkebonden er det hovudsakeleg betre mjølkepris som gjer utslaget, og ein ser ein oppgang på heile 33 øre i høve fjoråret. Av denne oppgangen var 8 øre bestemt i jordbruksoppgjeret (som såkalla målprisoppgang), resterande skriv seg frå høg etterbetaling frå meieria og dels flinkare bønder. I snitt låg mjølkesprisen 5,68 kr pr. liter, berre dei to siste åra er dette ein oppgang på 63 øre – og i eit 5 års perspektiv ein oppgang på 1 kr pr. liter. Dekningsbidraget pr. liter har i same periode stige med 70 øre pr. liter, og enda på 3,86 kr pr. liter i 2015. Kan denne oppgangen, saman med heving av kvotetaket og auka byggeaktivitet, forklare noko av den auke ein ser i etterspurnaden etter mjølkekvotar. I 2015 vart mjølkekvotane omsett for mellom 8-9 kr pr. liter, i 2016 ser ein prisar opp mot 16 kr pr. liter (i Rogaland). Ut frå ein bedriftsøkonomisk ståstad stiller ein spørsmålsteikn kor berekraftig dette er, og gjerne er det marknadskreftene som rår meir enn kalkulatoren..?? Men på generell basis er det eit positivt teikn at Haugalandsbonden investerer i både mjølkekvotar og nye driftsbygningar. Behovet for nyanlegg er framleis stort, sjølv om lausdriftskravet er skyve noko fram i tid. I snitt leverte Haugalandsbonden 180.000 liter mjølk pr. bruk, og har 25 kyr på båsen, dette òg ein relativt tydeleg vekst.

Storfèkjøtet opplevde ein noko meir moderat vekst, dekningsbidrag pr. ammeku gjekk opp med snautt 1.000 kr pr. ku – og for reine oppfôringseiningar auka dekningsbidraget pr. okse med 940 kr til kr 7.160 pr. stk. Underskotet på norsk storfèkjøt er stort, og lønsemda er nok framleis med å forklare ein stor del av underdekninga. Det er isolert sett bra at dekningsbidraget styrkjer seg med 1.000 kr pr. ku, men snitt DB på kr 8.100 pr. ku er framleis eit moderast lønsemdsnivå skal ein få opp investeringsviljen. På sau har både marknadsregulator og staten gjort grep for å heva lønsemda, gjerne bør ein skula mot litt ekstraordinære tiltak for å få fart på storfèkjøtet òg…?

Griseprodusenten

Grisebøndene opplevde at marknaden snudde i 2014, og andre halvår var bra økonomisk. Denne trenden haldt fram i 2015, med god etterspurnad etter gris og stigande utbetalingsprisar. Resultata ein oppnådde i 2015 må kunne beskrivast som historisk gode – oppgang målt i dekningsbidrag er på mellom 30-40 % for alle driftsgreiner. Hovudårsaka til oppgangen må tilskrivast balanse i marknaden for svinekjøt, men i tillegg blir den norske grisen meir og meir effektiv – det vert produsert meir kjøt (fleire grisungar) pr. purke enn kva ein gjorde tidlegare. Dekningsbidrag pr. slaktegris gjekk opp med 30 % til kr 374 pr. gris, medan dekningsbidrag pr. purke i smågrisproduksjon gjekk opp med snautt 40 % til kr 14.177 pr. purke. For ein gjennomsnittleg Haugalandsbonde med 1000 slaktegris utgjer denne oppgangen 81.000 kr, eller om lag 350.000 kr for ein smågris produsent. Men truleg er toppen nådd for griseprodusentane, det er utsikter til noko meir overproduksjon i 2016 – noko som slår ut på prisar og lønsemd.

Sauekjøtet

Sauenæringa opplevde eit etterlengta løft i 2014, denne utviklinga kan ein måle vidare i 2015 – men det kan sjå ut til at veksten har flata noko ut. Dekningsbidraget pr. sau enda på 767 kr pr. vfs., opp 46 kr i høve året før. Snitt utbetalingspris gjekk opp 1,15 kr, til kr 59,15 kr/kg. Produksjon pr. sau var litt høgare enn året før – som òg var eit år med gode haustvekter på lamma. Beitesesongen vart noko spesiell i 2015, med ein kald og sein vår – med mykje snø i fjellet i tillegg. Men mykje snø i fjellet gjorde òg sitt til at ein hadde gode fjellbeiter fram til slaktesesongen. I snitt har Haugalandsbonden 74 vinterfôra sau, og årets oppgang heva det totale dekningsbidraget med noko meir beskjedne 3500 kr. Ein finn òg grunn til å minna på at sauenæringa har ein gryande overproduksjon på kjøt, som truleg vil presse lønsemda i 2016. Det vart fryse ein del lam på reguleringslager hausten 2015, og desse vil ein dra med seg inn i 2016 sesongen – der produksjonen òg er kalkulert til å vera høgare enn kva matvarekjedane etterspør.

Investering og finans

Som nemnt over speglar investeringsnivået noko av lønsemd og framtidstru i næringa. Spesielt investering innan bygg er stigande. Her ser ein ei oppgang på snautt 30.000 kr pr. bruk i høve fjoråret. I snitt investerte Haugalandsbonden 103.000 kr i nybygg og 165.000 kr i maskinar. Det er spesielt i dei grovfôrbaserte produksjonane (storfè og sau) ein ser det blir investert. Innovasjon Norge (IN) prioriterer òg bruken av tilskotsmidlar på desse næringane, og både i 2015 og 2016 har «pengetaska» til IN Rogaland vore tom før sommarferien… det òg eit teikn på investeringslyst! Gryande overproduksjon på sau, gjer at bøndene no vrir nybygga meir mot mjølk og ammeku. Investeringane i maskiner er noko meir avmålt, med ein nedgang på 3500 kr i snitt.

Vidare auka overføringane frå staten med om lag 14.000 kr pr. bruk i snitt. Noko som dels skuldast auke i tilskotssatsar, men òg auka produksjon/tilskotsgrunnlag.

Etter å ha opplevd stigande gjeldsbyrde i åra 2010 til 2013, har ein dei to siste åra sett gjelda flata meir ut – i snitt minka låna med snautt 10.000 kr frå 2014 til 2015. Så med andre ord har Haugalandsbonden brukt noko av inntektsveksten til nedbetaling av gjeld og styrking av eigenkapitalen. I snitt ligg eigenkapitalen hjå Haugalandsbøndene på 1,5 mill. kr, ei styrking på ca 75.000 i høve året før. Haugalandsbonden er m.a.o. solid, samanlikna både med anna næringsliv og jordbruket i nabolanda våre. Rente nivået i AS-Norge har òg vore gunstig dei seinare år, dette nyt òg bøndene godt av – rentekostnaden gjekk i snitt ned med 15.000 kr pr. bruk. Låg rente er òg med «trigge» noko av den investeringsauke ein ser.

Inntekt utanom bruket er aukande i år òg – og er no kome opp på 376.000 kr i snitt, noko som er ei auke på 5.500 kr i høve til fjoråret. Men veksten i ekstern inntekt har flata noko ut dei siste åra, dette skuldast nok dels at grensa på kva ekstern inntekt ein kan hente byrja å bli nådd – samstundes har jordbruksinntekta har styrka seg, og på det viset ser mindre behov for å hente inntekt utafra.

Sjå full pressemelding med tal og statistikk her:pressemelding-inntektsutvikling-2015